Meeting2013-04-23

Møte i Nordplus-prosjektet 23.4.2013

Til stades: Elin, Hulda, Inga, Sjur

Saker:

  • Framdrift
  • islandske stavekontrollar for testing
  • konvertering til xml

Framdrift

KAL

Innsamlinga:

Svært lite bloggtekstar, og dei som er, er nesten utan feil. Folk skriv ikkje mange bloggar på Grønland : ) Vi vil likevel ha dei tekstane som finst, m.a. for å testa dekningsgrad.

Folk bruker lang tid på å svara.

Oppmerkinga

Elin har nokre spørsmål om ortografien som ho skal ta opp med Per.

Kva med sitat av ord-element som i seg sjølv ikkje er fullstendige ord? Døme:

junnaar∞(kal,morph)

(‘Markering af tid i grønlandsk sprog med særlig fokus på fortid’-imi)¥(punct|”Markering af tid i grønlandsk sprog med særlig fokus på fortid”-imi) - vi merkar slike feil som syntaktiske, ein treng syntaktisk analyse for å finna (og ev. retta) feilen.

ISL

Oppmerkinga

Har tekstar som er ferdig oppmerka, og skal sjekka dei inn i morgon. Det er enno ein del arbeid med å endra og retta oppmerkinga, men det går bra.

Stavekontrollar

Hulda har sett på islandsk språkpakke frå Microsoft (for Office), men har ikkje installert henne1

Har sendt e-post til Fridrik / Púki (ikkje svar) og til Skrambi. Svar frå Skrambi: det er ikkje ferdig, men kjem på nettet om 1-2 veker, der ein kan skriva inn ei liste med feil, og få rettingar attende. Merknad: Eit slikt system kan vi berre bruka dersom han har eit API for nett-tenesta.

„Þú veist hverju þú átt von á þegar Barton er annars vegar. Hann fer af fullum krafti í tæklingar og nærvera hans á vellinum fer ekki framhjá$(cmp,adv+pp,1-2|fram hjá) þér..."

SMJ

Det går bra, har byrja å få inn studenttekstar.

Korleis kan ein sjekka kor langt ein har kome = kor mange skrivefeil ein har samla?

find . -name ‘*correct.txt’ | xargs cat | tr ‘ ‘ ‘\n’ | fgrep ‘$’ | wc -l

Det skal helst vera minst 1000 skrivefeil pr språk, gjerne meir.

Til neste møte

  • sjekka kor mykje pengar vi har att, slik at vi kan planleggja resten av prosjekttida (Inga)
  • konvertera dokumenta i svn, for å gje tilbakemelding om problem med oppmerkinga (Sjur)
  • testa islandsk hunspell, grønlandsk hfst-stavekontroll

Neste møte

Forslagsvis onsdag 8. mai kl 12.30 norsk tid, men alle sjekkar og sender e-post.

1:

http://office.microsoft.com/en-us/downloads/office-language-interface-pack-lip-downloads-HA001113350.aspx