Meeting-2012-12-04
Møte om språklæringsapp for Aajege
Til stades: Børre, Helen, Sissel, Sjur
Saker: 
- skisse til grensesnitt 
- html5-spelpakker 
- integrering mot Oahpa 
- planlegging framover - fotografering 
- lydopptak 
- leksikonet / ordlista som skal liggja til grunn 
- andre ressursar som må lagast
 
- fotografering 
Skisse til grensesnitt
- framside 
- temaside 
- to ulike spel 
- ordliste
Merknader: 
- legg til tidspress 
- tetris-likt spel? 
- ordutval og speleopplegg må vera lagt opp slik at ein ikkje blir frista til andre strategiar enn språklæring: ikkje tenkja strategi for å få flest poeng uavhengig av læringseffekt
Andre merknader: 
- regulera avspelingsfart for lyd? 
- regulera læringsprosessen sjølv? - i mange andre språklæringsspel er koplinga mellom setning og bilete uklår - kva er det biletet faktisk illustrerer? Eitt spesifikt ord eller heile setninga? Kva er det ordet faktisk betyr?
 
html5-spelpakker
Ulemper: 
- krev nettilgang? (nja, delar av tida, mest fyrste gongen)
- kan ein "installera" eit nettprogram?
- kan vi publisera via dei ulike nettbutikkane?
Fordelar: 
- når fleire (stort sett plattformuavhengig)
- raskare utvikling 
- automatisk oppdatering 
- lettare å integrera med språkteknologien til Divvun og GT 
- lett å tilpassa ulike plattformar
Vi prøver med HTML5, og tenkjer oss om att i tilfelle det ikkje funkar.
integrering mot Oahpa
Ingen innvendingar, men kanskje eit litt voldsamt apparat for behovet i programmet?
Korleis skal ein halda på motivasjonen? Konkurranse og poengbelønning, underhaldande spel.
Motivasjon viktig: læringa er frivillig, og er berre effektiv så lenge elevane er så interesserte at dei faktisk bruker tid på spelet.
Oppgåve: 
- finna eit rammeverk og eit firma eller ein person (Børre, Sjur)
planlegging framover
Prioritert liste for Aajege:
- definera temaa 
- leksikonet / ordlista som skal liggja til grunn 
- fotografering 
- lydopptak 
- andre ressursar som må lagast
Ting å hugsa på:
- ein kan laga det slik at både spel og tema er låste, og at ein må klara alle oppgåvene eller få ein viss poengsum før neste tema/nivå blir låst opp 
- temaa kan vera organiserte i hierarki, med hovudtema og undertema 
- vi kan leggja ut nye undertema etter kvart som vi utviklar programmet og spela det inneheld
Neste møte
Tysdag 18.12. kl 9.30 norsk tid.

