Meeting-2013-01-22

Sidan sist:

  • Ryan er med, vil gjerne starta : )
  • bilete frå elevskulen
  • Aino har kome inn i staden for Sissel

Elevbilete

  • fekk ingen instruksjonar, berre ord som dei skulle illustrera
  • berre prøvebilete til no, for å testa den tekniske kvaliteten

Merknader:

  • mykje luft i mange bilete
  • stor variasjon i dimensjonane og høgde-bredde-forholdet

Storleik og format på bileta:

  • kvadratiske, for 1-4 bilete på skjermen samtidig
  • vi vil ha kvart bilete i fleire oppløysingar:
    • iphone-tilpassa
    • nettbrett-tilpassa

Sjur og Børre lagar liste over oppløysingar vi vil ha.

For rørsler kan ein godt bruka korte videosekvensar (1-3 sekund) som blir spela opp kontinuerleg.

Fyrste del: uTalk-inspirert Andre del: enkle setningar

  • enkel biletsekvens (3 bilete - subjekt, verb, objekt)
  • for kvart bilete 2-4 alternativ, typisk 2 ulike lemma + 2 former av kvart lemma
  • vel rett lemma + form til kvart bilete slik at setninga blir rett
  • samisk syntaks på bileta (slik at orda kjem i rett rekkefølge)

enklast: subjekt + verb, korrekt syntaks

deretter: subj. + verb + objekt

Seinare kan ein tenkja seg ein versjon der ein må flytta setningsledda (bileta) i rett rekkefølgje for å få riktig syntaks.

Grensesnittsoppsummering

  • ordliste
  • enkeltord:
    • frå bilete til riktig samisk ord
    • frå samisk ord til rett bilete
    • frå samisk ord til riktig norsk ord
    • frå norsk ord til riktig samisk ord
  • enkeltord - tilleggsfunksjonar:
    • spel lyd anten når ein ber om det (lydknapp) eller når ein har valt rett ord
    • fyrst øva dei mest sentrale / mest frekvente orda
    • "feil" ord skal helst vera henta ut frå liknande ord, anten i tyding eller skrivemåte (redigeringsavstand ≈ 2)
  • progresjon for enkeltord
    • ord -> bilete: fyrst berre eitt bilete, seinare to, deretter fire
    • bilete -> ord: fyrst berre eitt ord, seinare to, og så fire
  • innstillingar
    • nullstill læringsprogresjonen
    • laga oahpa-konto (for synkronisering mellom ulike maskinar, læraroppfylging?)
  • syntaksøvingar:
    • uspesifisert enno, vi kjem attende til det seinare (men sjå notata lenger opp)

Ordinfo

For kvart ord skal ein lagra:

  • tema
  • kjerneord vs. periferiske ord
  • frekvens
  • vanskelege ordpar / opposisjonar (td rj vs jr)
  • referanse til biletfiler i ulike oppløysingar (3-4 oppløysingar)
  • referanse til lydfil

Lyd

  • 4 talarar (2 menn, 2 kvinner, alle unge)
  • innspelingar i lokala til media og kommunikasjon (ev. leige studio)

Til neste møte

Helen + Aino:

  • velja tema
  • instruksjonar til fotografane
  • bestilla (og få?) lyd + bilete til eitt tema
  • send 3 ord + bilete og lyd så fort dei er ferdige til Sjur/Børre/Ryan

Børre + Sjur:

  • skriva ut meir fullstendige spesifikasjonar
  • gje instruksjonar til Ryan
  • ta fram biletformat m.m. (+ video)
  • ta fram lydformat m.m.

Ryan:

  • laga ein aller fyste prototype?
    • ordliste
    • ord->bilete
    • lokal lagring m.fl. (sjå tidlegare tekniske spesifikasjonar)