Meeting-2013-02-20
Aajege-møte 20.2.2013
Til stades: Helen Blind, Aino Danielsen, Ryan Johnson, Sjur Moshagen
Emne:
- prototypen
- lyd- og biletopptaka
- vidare arbeid
- formalia
- neste møte
Prototypen
Prototypen tilgjengeleg: http: //gtlab.uit.no: 8088/
Mål: å testa den fyrste ideen om eit glosespel ("Leksa"), med grensesnitt for synkronisering.
- tilfeldige ordpar frå eitt (av fleire?) semantisk sett
- ikkje lyd enno
- vil velja tilfeldig kva for øving som kjem (bilete -> tekst, sma->nob, eller omvendt)
- kan leggja til høve til å velja type oppgåve og semantisk sett
- kan klikka på statistikk-knappen
- kan spora dei orda som eleven har lært og ulærte ord, ikkje brukt i oppgåva enno
- alle orda + bilete må få plass på éin skjerm utan at ein treng å rulla
Oppsummering: ein bra start, vi byggjer vidare på den.
Lyd- og biletopptaka
Tre ulike røyster (dei to som har gjort opptak til no + ein gut). Fri og tilfeldig variasjon mellom dei tre i spelet (betre for elevane med variasjon).
Opptaka til no har litt variasjon i lydkvaliteten og avstand til mikrofon. Dei beste opptaka verkar bra nok for formålet. Pass på avstanden til mikrofonen!
Fotografi: bruker elever på skulen (kjøper bilete av dei), og bilete som ligg fritt ute på Ovttas. Tek kanskje bilete sjølv òg. Det kjem òg illustrasjonar etter kvart (som komplement til fotografia).
Alt skal vera ope og fritt.
Alle filer blir delt via Dropbox og deretter lagt i svn.
Vidare arbeid
- vil testa fleire ulike mobile system, for å sjå at alt funkar på ulike einingar
- progresjonsstatistikken bør brukast i oppgåvene, slik at ulærte ord kjem oftare enn innlærte
- ta med lyd i prototypen
- meir bilete, illustrasjonar og lyd
- ordpar + metadata (kategoriar) i eit rekneark, som Ryan konverterer til xml
- få eitt komplett (semantisk/lærings-) sett, som kan brukast som utgangspunkt for å arbeida vidare med variasjonar over spelet. Fyrste tema: hovudet
- på kva slags vis kan vi trena heile (enkle) setningar?
Formalia
Helen pratar med Toini om kva slags form for kontrakt som passar best for arbeidet til Ryan.
Neste møte
Onsdag 3.4.2013 kl. 0800 (Ryan/Minnesota - GMT-06) / 1500 (Røros - GMT+01) / 1600 (Helsingfors - GMT+02)