Meeting-2013-05-02

Gïeleme-møte

Namnet: det er eit nybyrjarprogram, så possessiv-ending kan verka framandgjerande. Kva med: "Gïelese" (for eller til språket)?

noverande test: gtlab.uit.no

URL: helst begge desse to (med omdirigering frå den eine til den andre):

gïelese.no
gielese.no

Siste versjon:

  • options-knappane fungerer som dei skal no
  • alle filer blir lasta ned (nokre filnamn har vorte endra)
  • off-line fungerer ikkje enno
  • ordliste: bilete, lyd og samisk ord
    • neste: leggja til norsk og svensk, visa det eine eller andre etter grensesnittsspråket
  • no er det eit bra tidspunkt å tenka over tekst i grensesnittet (så lite som mogleg)

Vi vil ha ein dialog for fyrstegongsbrukarar:

  • vil du ha samisk grensesnitt?
  • lasta ned alt eller ikkje?
  • Oahpa-konto? logg inn eller registrer ny
    • synkronisert progresjon mellom fleire apparatar
    • tilbakemelding frå lærar
    • konkurrera med medelevar og andre som lærer språket

Logo + grafisk profil på heile programmet

  • samisk
  • assossiera til spel (det er ei samling spel)
  • ung målgruppe (14-15+ år)
  • mobilgenerasjonen
  • skal funka bra på mobiltelefonar og lesebrett/nettbrett, helst òg på vanleg datamaskin

Fontar, fargar, logo, bakgrunnsbilete eller -grafikk, osb. Det er lov å bli inspirert av det ein liker! : )

Alle orda i ansiktsmodulen er på plass, og det finst bilete og lyd for alle. Det vil koma nye lydopptak for ein del ord, med to andre personar attåt den vi har no.

Nokre ting er problematiske å få fram klårt på bilete:

  • augebryna
  • haka

Det kan vera verdt å sjå på om det går an å få fram klårare det biletet skal illustrera.

For referanse: bileta skal vera:

  • liten: 150x150 (px.)
  • medium: 300x300
  • stor: 540x540

Bileta er ganske små no på nettbrett og datamaskin - det må finnast fleire ulike storleikar der programmet automatisk vel den storleiken som høver best.

Ordliste (majoritetsspråk->samisk):

  • (norsk/svensk) lemmaliste til venstre
  • artikkelvising til høgre
  • bilete og lyd berre i artikkelen
  • regulera farten på avspelinga
  • spela inn eigen uttale?
  • jf med nordsamisk UTalk! ( iPhone, Android)

Andre ting:

  • treng vi eit fyrste nivå som inneheld berre eitt bilete og eitt ord?
  • eller gå rett på to ord/bilete
  • poengsum alltid synleg
  • poeng som ein kan få ved å svara rett skal vera synleg (og skal minska inntil ein svarar)

Oppsummering - til neste gong

  • finna ein grafikar/eit grafisk firma som kan hjelpa til med og laga den grafiske profilen (Aino/Helen)
  • skjera om bileta til kvadratisk form (Ryan for testing, Aajege for ferdig versjon)
  • progresjonsgraf + poengsum + "premie" for kvar oppgåve alltid synleg
  • side for å velja spel (utilgjengelege spel og nivå skal visast, men vera "grå" og utilgjengelege.
  • opningsside
  • ordlista
  • det finst fem nivå, men det veit ikkje brukarane - det må koma tydeleg fram : )
  • url for testversjon: http://gtlab.uit.no/gielese

Neste møte

14. mai, kl 15.