Meeting-2013-06-14

Møte med Aajege - gïelese-appen

Nyaste versjon finst her: http: //gielese.no/test/

Status sidan sist:

  • vi har fått domenet på plass!
  • nyaste versjon ligg på rett domene
  • Anne skulle ha ferdig eit utkast til design, men kunne ikkje koma på møtet i dag. Aajege held eit møte med henne neste veke, og ho sender designutkastet til alle i prosjektgruppa
  • Ryan har gjort innlastinga raskare
    • det var eit problem med mange ord og serverfart tidlegare, fiksa no

Resultat av testinga sidan sist:

Vi vil ha ei framside:

  • kort om programmet
  • kva og kven det er meint for
  • kva slags system det fungerer med
  • lenke til sjølve spelet
  • installeringslenke (= ikon på heimeskjermen)
  • eks. på framside: http: //appbeo.com/

Status for i18n og l10n:

  • Ryan har søkt på nettet etter støtteprogram for lokalisering
  • Ryan vil installera og senda lenke når det er klart
  • https: //www.transifex.com/

Kategoriane

Kategoriane skal alltid vera fyrste nivå, deretter skal ein velja spel og/eller nivå. Slik det er no er det ikkje mogleg å velja nivå, og heller ikkje spel.

  • det fyrste nivået kan bli eit eige spel
  • etter at ein har valt tema skal ein velja spel og nivå
  • meir avanserte nivå er låste til ein har gjennomført mindre avanserte nivå eller har fått nok poeng
  • vi bør tenkja på fleire spel, andre ulike typar spel
  • del opp det spelet vi har no i fleire ulike (minst to)
  • av og til kjem same ordet fleire gonger etter kvarandre, det må vi unngå
  • bruka reaksjonstid eller samla poengsum for å vurdera progresjon og innlæringsgrad for eleven
  • ikkje vis klokke eller andre tidsmål
  • vis både total poengsum og gevinst for å svara rett
    • mist X poeng for feil svar

Neste møte

21.6. kl 14 norsk tid.

Etter 21.6. har Aajege feire fram til 19. august.