Meeting-2013-10-22

Møtedokument - Gïelese-møte 22.10

Til stades:

  • Aino
  • Anne
  • Helen
  • Ryan
  • Sjur

Saker:

  • saker som må fiksast til presentasjonen
  • Etter torsdag
  • Neste møte

Saker som må fiksast til presentasjonen

I prioritert rekkjefølgje:

  • innloggingssida må fungera (mest mogleg i samsvar med design)
  • det må vera mogleg å klikka seg tilbake til innloggingssida frå kategorioversikten (funkar av og til, men ikkje alltid - må fungera heile tida)
  • minst ein kategori må fungera som han skal (alt i ååredæjja)
    • Ryan konsentrerer seg berre om å få til denne (Aino kjem seg ikkje inn der no på iPad)
  • bakgrunnsbiletet på kategorisida må vera litt nedtona, slik at det ikkje blir så påtrengande og dominerande
  • poenga som ein får bør visast nære det korrekte bilete (no er dei alltid til venstre, rett under gamma, og det er litt missvisande)
  • ingen tekst når ein trykkjer rett/feil (no: correct!/try again!)

Spursmål:

  • med innlogginssida, er det meininga at me ikkje skil mellom omsetjingsspråk og grensisnittspråket lengre? det kan vera me tala om dette, men eg gløymde.
    • på den nye versjonen av PDF, er det ingen sma, var poenget at grensesnitsspråket og omsetjingsspråket unifiserast?

Svar:

  • kategorinamna alltid sma
  • ordlista: lista etter omsetjingsspråk
    • berre samisk under biletet
  • "Ordliste", "Lær" og "Øv" på norsk
  • All instruksjon, innstilling og informasjon på norsk, all læring på samisk
  • "på norsk" = norsk eller svensk, og fylgjer omsetjingsspråk
    • UI-språk = omsetjingssspråk : )
    • UI-språka er berre nob, swe; - ja, ikkje sma no (kansje seinare)

Etter torsdag

  • poenga verkar tilfeldige, og dermed ikkje oppmuntrande
    • det må vera systematiske og konsistente poeng - ein fast minus for kvar feil, konsistent reduksjon i samsvar med tida
      • Start på 50, ned 5 poeng pr sekund, ned 10 pr feiltrykk
      • går raskare ned for meir avanserte nivå (5 poeng per halv? kanskje, meir om det seinare) sekund?)
      • skal summen vera synleg heile tida, eller berre på svar?
      • sekken skal visa samla poeng i det spelet du held på med
      • tala på sekken bør ha ein stil/grafisk form meir i stil med resten av utforminga

Spørsmål til Ryan om format:

  • Treng du bilete eller ikon i andre format eller storleikar enn det du har fått no?

Svar:

  • ikonar er fine som dei er no. Eg kan laga kva som helst format, fordi dei som eg fekk var store nok.
  • Så alt ok? ja, viss det ikkje ser ok ut, so er det mitt problem i utvikling. trur at ikonar er heilt bra. media/bilæte kan vera dårlege, men det er berre noko eg må løysa i koden, slik at større versjonar er brukt, når ein er på ein iPad. (alle som er i bruk no er berre iPod-storleik), når dei skalerast opp ser dei litt kornete ut, men større versjonar skal fungera betre.

Meir om innloggingssida:

  • innloggingssida skal lagast slik at om ein klikkar på "Nei", så:
    • forsvinn felta for brukarnamn, passord og e-post (berre knappane for omsetjingsspråk står att)
    • det kjem ein tekst om at ein loggar inn anonymt, men som samtidig opplyser om kvifor ein kan ha nytte av ein konto
      • Aino/Helen/Anne skal skriva teksten
    • Knappen "Logg inn" endrar til "Start"

Elles:

  • oppdater utforminga i samsvar med designen!
  • når ein har vald kategori og kome inn på kategorisida, er biletet for stort/høgt, fordi bilete pluss topp blir for mykje og biletet rullar. Bakgrunnen burde vera fiksert (bakgrunn = bilete + topp)
  • alle skjermar og sider skal vera låst til ståande format - det skal ikkje vera mogleg å spela "på flata" (og då slepp vi problem med ulike skjeringar for ståande og liggjande skjermar)

-- i nettlesarar kan det vera vanskeleg å hindre snuing til ein annan format, men kanskje i ein iOS og Android app, det er. Likevel kan eg laga ein CSS løysing (kanskje-- må granska).

Neste møte

Torsdag 31. oktober kl 15.00 norsk tid.