Meeting-2014-08-12

Gïelese-møte 12.8.

Til stades: Ryan, Sjur

Saker:

  • iOS-versjon
  • rettingar
  • dokumentasjon
  • bruk for andre språk
  • korleis gå vidare? Kva kjem etterpå?

iOS-versjon

http://orakel.uit.no, sak nr 576366: Utviklar-ID og utviklaravtale hjå Apple.

Ryan fylgjer opp ved å senda e-post frå UiT-adressa si.

Rettingar

Vi har ikkje fått tilbakemeldingar anna enn at Anne ikkje er heilt nøgd med grensesnittet.

Dokumentasjon

  • Ein del merknadar som står i koden, men burde dokumenterast i Forrest
  • arkitektur (hovuddraga i koden)
  • korleis ein konfigurerar utviklingsenvironment
  • korleis ein kan byggja ut appen med nye data (leksem, bilete, lyd)
  • korleis ein oppdaterer servaren, startar, stoppar osb.
  • kva som må gjerast for å støtta andre språk
  • gå gjennom kode og sjekk at viktige ting er dokumenterte for andre utviklarar

Bruk for andre språk

Kor språkuavhengig er koden? Ganske, må sjekkast. Skil tydeleg mellom språkavhengige data og språkuavhengig kode.

Korleis gå vidare? Kva kjem etterpå?

Vi veit ikkje kor mykje som finst av prosjektmiddel enno. Det må avklarast. Sjur (=Divvun) vil betala for dokumentasjon om det ikkje finst meir prosjektmiddel att.

Neste møte

Onsdag 20.8. kl 16.00 finsk tid.