Meeting_2012-01-18

XMLMind, terminologi og ordbøker

Saksliste:

  • ordbøker - AK-ordboka
  • XMLMind
  • terminologi

ordbøker - AK-ordboka

  1. hovudinntrykk av (mangel på) struktur og konverteringsarbeid
  2. 16. februar

Ikkje så ille som sjd-ordboka, burde vera mogleg å nå Jokkmokk 16. februar.

  • ingen ordformer eller morfologi
  • berre apertium-format til då, anten utan formatering, eller med formatering men ikkje inkrementelle søk
  • eller som rein/statisk html, ei side pr bokstav

Dette er bra nok for 16. februar.

XMLMind

Sjur presenterte ein idé basert på tilbakemeldingar frå Jaska, der vi lagar ein redigeringsmodus som fungerer som ein tabell. Dvs at vi får Excel i XML. Modusen er berre tenkt brukt på den morfologiske/morfosyntaktiske delen av ordboksartiklane, dvs lemma, stamme(r), fortsettingsleksikon, taggar.

Med ein tabellstruktur blir det lettare å redigera og sjekka konsistens.

Terminologi

(ingen notatar)