181210

Giellateknomøte

Tilstede: Trond, Chiara, Lene

Saksliste

  • Programmeringsarbeid, prioritering
  • Ny programmerarstilling
  • MT
  • Kurs med Måns Huldén
  • Kurs i maskinlæring i februar
  • Kurs i UX
  • bug 2521

Programmeringsarbeid, prioritering

Konteaksta

Ting fungerer, vi har eit langsiktig samarbeid. Ei open sak: Logging.

Tiltak:Chiara kontaktar Heli.

Oahpa

Fokus er på kodeoppdatering, ny Django-versjon, flytting. Vidareutvikling kjem seinare.

Chiara arbeider med smeoahpa, ferdig kanskje denne veka.

NDS

Prioritet no: Fortløpande debugging. Lang todo-liste, som vi ser på seinare.

Vi har eit problem med kyv og valks. Det er ein minnelekasje i eitt av pythonscripta, og korleis dei fungerer på serveren. Versjonane fungerer etter ein restart eller to, men så kjem problemet på nytt.

Korp

Chiara og Ciprian har gått gjennom Korp, men ikkje alt. Tema: Endringar i koden gjort i Tromsø. Ch&C gjekk gjennom det meste, men ikkje alt.

Vi vurderer Göteborgtur eller omvendt etter kvart.

Serverrelaterte ting

Oahpa-flytting

sma, sms, smn, sjd er flytta til ny servar. Chiara arbeider no med sme, som er den største.

Chiara skal sette opp ei side for dei andre Oahpa-versjonane, der det står at vi arbeider med å få dei opp att.

Trond skulle sjå på dette, men fekk mysql-modus-feil. Trond repliserer feilen og sender til Chiara.

Konteaksta-flytting

.. er ferdig.

NDS-flytting

Vi må avklare spørsmålet om servar. Chiara diskuterer med IT.

Korp-flytting

Ikkje starta enno.

Wordpress-flytting

Kuvsje er på gt-oahpa, og må også bli flytta.

Prioritering

Denne veka

  • Forberede oss til kurs neste veke.
  • Chiara: smeoahpa

Neste veke

  • Kurs

Januar

  • NDS
  • Serverflytting
  • Evt. bugfiksing for andre program

Tidsplan

  • Gammel gtoahpa frigjort til slutten av januar?

Ny programmerarstilling

Divvun skal søke etter ny programmerer. Fordel å samkøyre utlysingane. Skisser til innretting:

  • Backend-programmerar, systemutviklar,
  • Sysadmin, servarar

Mål: Utkast til tekst før jul.

MT

sme-nob, fra Apertium til cg-basert. Lene og Trond ser på dette.

Kurs med Måns Huldén

Vi vil ha ting å lese på førehand. Trond sender brev til Måns og spør.

Trond ser på rom.

Kurs i python onsdag kl. 0900.

Kurs i maskinlæring i februar

Chiara og Trond påmeldt.

Kurs i UX

18-22. februar, i Dublin. Chiara melder seg på.

Bug 2521

Denne buggen er eit problem både for MT og den stoppar arbeidet med testing. Trond setter opp prioritet.