Meeting_2017-10-17

Trond & Sjur - 17.10.2017

Saker:

  • KMD og SMS-koding
  • Tastatur
  • Møterommet

KMD og SMS-koding

Bakgrunn:

KMD har kontakta oss på grunn av denne saka.

Samsung handsamar tydelegvis samisk som om det var MMS-meldingar, i og med at dei samiske bokstavane ikkje fell inn under nokre av GSM-kodetabellane. Dette er ikkje samisk aleine om, det same gjeld t.d. alle latinbaserte austeuropeiske språk, alle kyrilliskbaserte språk, og heile Søraust-Asia. Dei som er innafor denne standarden er Vest-Europa, tyrkisk, og dei 10 viktigaste alfabeta på det indiske subkontinentet. I Vest-Europa manglar fransk (!), islandsk, og altså nordsamisk.

Språk innafor GSM 03.38 har 156 teikn i ein SMS (dvs. 160 teikn minus ein ID-for kodetabellen). Språk utanfor, som russisk, isklandsk og nordsamisk, må bruke Unicode (UCS-2) i staden, og dermed få plass til berre 80 teikn i ein SMS (alle bokstavar tar dobbelt så mykje plass).

No ser det ut til at Samsung skil seg frå iPhone ved å konvertere meldingar som fell utanfor GSM 03.38 til MMS, og ikkje til UCS-2, noko som inneber at brukarane betaler MMS-pris og ikkje SMS-pris for tekstmeldinga si. Det er ei løysing på dette, og det er å stille inn Samsung-telefonen til ikkje å konvertere meldinga til MMS.

Det som kompliserer biletet her er at vi ikkje er heilt sikre på kva som skjer med tekst utanfor GSM 03.38 i praksis, men det ser ut til at slike meldingar kan bli sendt også dersom sending av MMS er slått av.

Trond har dokumentert korleis MMS-innstillinga kan bli slått av for Samsung (første skjermbilete manglar, Trond fyllar det ut), og skal dokumentere dette.

Testing (skriv om): Her er Tronds status hos operatøren sin:

  • SMS 36
  • MMS 14

Etter dette har han sendt Sjur 1 MMS (bilete), 1 SMS (ascii) og 1 SMS/UTC2 (tekst med samiske bokstavar). Ny status kjem når den blir oppdatert:

  • SMS
  • MMS

Konklusjon: (kjem)

Tastatur

Vi har no installeringsprogram for Win 7, 8, 8.1, 10 (tidlegare berre Win10). Godt jobba av Sjur og Brendan! Det vi no treng er meir testing.

Tilgjengelege no: vro, sma, smn Sjur lagar i løpet av dagen: smj, sme,

Vi treng fleire tastatur til å teste med, og fleire testarar, før samlinga med lærarar i neste veke:

  • fkv: đ på C12 og alt-C03, og C12-tasten + konsekvensar som for sme.
  • mns
  • kio
  • crk
  • sjd

Møterommet

Trond sender vidare i dag til 3 ulike, kopi til Sjur.

Sofa mot ytterveggen mot labyrinten? Der er det daudplass som kan nyttast betre dersom vi kan få plass til fleire folk på den måten + aukar trivselen.