Meeting_2018-02-13

Trond og Sjur-møte 13.2.2018

Saker:

  • dei neste Tromsø-samlingane
  • SMA-representantar i fagrådet
  • bokkapittel i lag med Rickard & co
  • uTalk-SMA vs Gïelese
  • URL-tagging
  • TYV-tastatur

dei neste Tromsø-samlingane

  • 26.2.-2.3. (ev. berre Sjur)
  • 19.-23.3. (alle)
  • 16.-20.4. (sannsynlegvis) - fyrste møte med fagrådet

Bokkapittel i lag med Rickard & co

Sjur og Trond er med på ein antologi som blir gjeve ut i Umeå, om språkteknologi for minoritetsspråk i Sverige (skrive for ca. 2 år sidan). No er det tid for korrektur, og Sjur og Trond + to medforfattarar ser på det.

uTalk-SMA vs Gïelese

Desse programma illustrerer fordelar og ulemper både ved å lage appar sjølv og ved å outsource den tekniske biten til ulike firma. Vi kjem attende til denne saka.

URL-tagging

Vi har det no (Sjur har laga), det fungerer.

Teknisk: FST-en er stor, men Sjur ser vidare på det og prøver å minimere.

Ope spørsmål: Ein eller fleire taggar

No står det +URL både for www.side.no og for namn@adr.no. Vil vi ha ei anna tagging, t.d. epost +URL+EPOST, nettside +URL+PAGE, kanskje også sikker nettside (evt. andre taggar) eller vil vi ha berre ein tag +URL (eller +N+URL). Sjur ber om attendemelding, Giellatekno kjem attende til dette.

TYV-tastatur

Orienteringssak: Sjur har laga tastatur for tuvinsk, som Francis arbeider med.