Meeting_2018-05-15

T&S-møte 15.5.2018

Saker:

  • tagflytting eller ei
  • est-artikkel/konf-innlegg
  • Preprosessering
  • NAV
  • Opprusting av A3021
  • Servarane

tagflytting eller ei

Vi er samde om å ikkje flytta, dvs vi må omorganisera lexc-koden.

Spørsmål: taggrekkjefylgje. Kva med G3 NomAg, og andre språkspesifikke taggar?

Problemområde: avleiingar.

Oppryddinga må skje i tre steg:

  1. fyrst dei generelle tilfella
  2. deretter vurdera G3 og NomAg
  3. til slutt vurdera Prop-leksikona

Vi diskuterer detaljane for 2 og 3 på eit møte neste veke.

Steg ein gjer vi med ein gong:

  • Børre lagar python-skript som lintar og ordnar/set inn POS-taggar m.m. for stammeleksikonet
  • Thomas eller ein annan lingvist ordnar affiks-leksikona
    • Før endring: Køyr make check, missing på stort leksikon (ha ein baseline)
    • Etter endring: Sjekk at det går

est-artikkel/konf-innlegg

Sakte fart framover, ny deadline.

Preprosessering

Står pga alt anna. Punktum som eige lemma? Vi (= korpusanalyse, grammatikkontroll og Konteaksta) må diskutera => møte neste veke (etter Linda sin disputas).

NAV

Invitasjon til Kautokeino 11, 12. Trond, Lene, Sjur kan ikkje. Børre kan.

Opprusting av A3021

Jan Helge har overteke for Frode Lien. Trond fygjer saka vidare.

Servarane

Tino har gjeve opp å venta på eit korrekt sertifikat, nattlege bygg kjem no likevel (med eit hækk).

Børre og Trond følger opp.

Chiara jobbar med ny gtoahpa.