Meeting_2018-06-19

Trond- og Sjur-møte 19.6.2018

  • Antti
  • Tröndelaage
  • offentleg utlysing - innkjøp
  • romtastatur
  • andre tastatur
  • tekst til Sametinget
  • sma
  • fao
  • nob
  • nedlastingslogg
  • smn-grammatikkontroll
  • program neste veke

Antti

Fase to har frist ultimo september.

Det er mange som arbeider med FST-teknologi, har kunnskapar nok til å bygge system på sin måte, og lite vilje til å arbeide på andre måtar enn sin eigen.

Legge ei ekstern kobling i startup-langs/moh til github-src-katalog for Mohawk. Alle kjeldefilene vil vere ulike, men stavekontroll og grammatikkontroll vil vere mogleg.

Fleire vegar (også vår) til ein stavekontroll frå FST er bra, så det å vere meir fleksibel mellom ulike FST-ar og våre program er bra. Vår svn kan koble seg til github.

(moh kompilerer med hfst men ikkje med xfst).

Det er urfolksspråkår neste år, Antti har kontakt med folk som vil arrangera språkteknologikonferanse for slike til hausten 2019.

Tröndelaage

Joseph har sendt brev, vi ser kva som skjer.

Offentleg utlysing - innkjøp

Vi har fått innkjøpsansvarleg. Møte med relevant person neste veke.

Romtastatur

På grunn av stavekontrollen vil vi ha ulike språkkodar på Windows. Spørsmålet er så om desse skriftspråka skal ha ulike tastatur eller ikkje. Eit alternativ er å skrive med svensk tastatur for dei variantane som har ingen eigne bokstavar.

Vi gjer slik:

  • Ein rom-katalog
  • For mac: Eitt tastatur rom-osx.yaml.
  • For Win: eitt tastatur pr språk(variant/kode)

Andre tastatur

bxr

Jargal har eit tastaturoppsett han vil ha implementert.

Sjur kompilerer og sjekkar inn, Trond tar resultatet opp med Jargal.

Ulike uralske språk i Russland

Jaska kan no bygge eigne win-tastatur frå kjeldekoden, og arbeider vidare med dei.

Tekst til Sametinget

Vi gjer ferdig tekstane neste veke i Tromsø.

sma

yamlstatus (xfst og hfst til saman):

SUMMARY for the gt-norm fst(s): PASSES: 9580 / FAILS: 40 / TOTAL: 9620

Dvs 20 eigentlege feil.

Feil av tre typer:

  1. twolc/lexc-feil (komparativ på -e/-a)
  2. twolc-feil (DISIMP)
    1. Eit alternativ å vurdere: Flytte ting over i lexc
  3. lexc-feil (kva vi vil ha)

Mål:

  • Ordne twolc (inkl testane)
  • retta koden slik at alle yaml-testane går gjennom
  • Avgrense overgenerering

fao

Arbeid fram mot april 2019: sett opp testing, samanlikne med stava.fo (som er sjekka inn i biggies)

TODO: Samanlikne giella-fao med stava.fo i stavekontroll-testbenken.Trond

nob

Make check gjev ikkje lemmatest, sjølv om makefiloppsettet er som for fao. Sjur ser på det.

nedlastingslogg

Vi har berre data frå 31.1. (+ gamle statistikkar) Trond sender bearbeidd output.

smn-grammatikkontroll

Marja-Liisa prøver å få finansiering, vi skal hjelpa til med å laga budsjett.

program neste veke

  • Sametinget (T&S)
  • tastatur (T&S)
  • ulike språk
  • innkjøp (Sjur og admin)