110823p

Møte om nu-oahpa 23.8.2011

Til stades: Ciprian, Heli, Lene, Trond.

Saker

  • Status quo
  • Finland — kort referat
  • Arbeid framover
  • Neste møte

Status quo

Heli har arbeidd med django og koden (som er mangelfullt kommentert). Sentralt i dokumentasjonen er avhengigheita mellom dei ulike komponentane. Dokumentasjon undervegs.

Problem med reinstallering av lexiconfiler till nu-oahpa (Leksa). Cip og Heli ser på det.

Tagsettendring: Lene har endra dei filene det har vore snakk om. Det må testast. Jf oppdateringsdokumentet.

Cip vil overta kode frå smaoahpa til nestegenerasjons installering.

Sjur har laga css for nordsamisk (og dermed også enaresamisk) i XMLMind.

Finland — kort referat

Jf. også møtereferata frå Helsingfors  og Uleåborg.

  1. Vi legg til finsk som metaspråk (grensesnitt + Leksa + nettordbok) i sma-oahpa, fordi Helsingfors skal undervise i sørsamisk på finsk over jul. Vi har fått sma-fin-ordliste fra relevante lærebøker med 2500 ord. Aajege i Røros vil sannsynligvis delta i arbeidet med denne.
  2. Enaresamisk oahpa, jf. demoversjon av leksa og numra. Vi har fått 3700 ord (5 ulike lærebøker) smn-fin, som vi arbeider med å leggje til.
  3. Sjølve Norgesuniversitetsprosjektet: Både Uleåborg og Helsingfors vil gjerne delta. Begge universiteta har kurs kvart år, der Oahpa passar godt. Universiteta bruker same lærebok. Kursa deira har færre studiepoeng enn kursa i Tromsø. Helsingfors vil bruke Oahpa som undervisningstillegg. Læraren i Uleåborg var sjuk.
  4. Nordsamisk leksikon: Lærebokforfattaren gav oss lov til å bruke læreboka (1600 ord, vi vil dele dei i 4 bolkar). I Oulu brukes også Länsman: Cealkke dearvvuođat I og II, og vi burde kunne få ordlistene også fra disse bøkene fra det finske sametinget (Trond).
  5. Vi ser på fellesløysingar for læringsstiar og grammatikk (Wordpress?, jf. oahpa-testside)
  6. Helsingfors vurderer å søke om pengar til dette arbeidet.

Arbeid framover

Denne veka: Begynne å installere ny oahpa (opprydding), Cip & Heli.

Neste møte

  • Cip og Heli 24.8. kl. 10: 00.
  • Neste fellesmøte: Viss vi treng det: Kort møte på måndag 29.8. Viss ikkje: først 5.9 eller 6.9.